Hobbytreff i Gravdal gamle skule
Onsdag 16. Mars frå kl. 18.00.

Målet med restaureringa av det gamle skulehuset var, utanom å etablere Kulturhistorisk Samling, å opne huset for aktivitetar av ymse slag. Etter to vellukka tilskipingar, ønskjer vi no å samle alle dykk som sit heime i stova, eller i kjøkenkroken, med ein eller annan hobby eller handtverksaktivitet, til å møtast i hyggjeleg lag for å utveksle erfaringar og kanskje lære noko av kvarandre. Vi er opptekne av å vidareføre gamle gode tradisjonar og vonar difor at mange lærevillige unge kan få med seg nyttig kunnskap.
Vi tenkjer å ha eit hovudtema innan handarbeid og mattradisjon på kvart treff, og på dette treffet vil vi vise - SEISING AV GLASKULER – noko som var ein daglegdags aktivitet i fiskaryrket før. I dag vert vel desse kulene mest nytta til dekorasjonar. Vi freistar også å få i stand eit kurs i laging av Thailandsk VÅRRULL.
Sjølvsagt vert det høve til å kjøpe både vårrull og heimelaga norsk kaffimat.
Vi ser fram til ein koseleg kveld med litt underhaldning, ein filmsnutt eller to og kanskje ei lita utlodning. Det hadde vore fint med heimelaga gevinstar til lotteriet, så dersom nokon av dykk kan avsjå ein ting til dette formålet, er vi takksame for det.
Kan du tenkje deg å bidra til utvikling av eit ennå trivelegare bumiljø i Vestre Krets, og delta på dette hobbytreffet, så ta kontakt med oss for nærare opplysningar eller påmelding.
Du er også hjarteleg velkomen til berre å sjå kva andre driv med, eller berre være i sosialt lag.

Du kan ringe: Harald Oppedal tlf.: 92460370
Asbjørn Våge tlf.: 45633338

Vel møtt til ein triveleg kveld i Gravdal.

Helsing Gravdalgruppa i Torskangerpoll Musikklag