Jølster tok heilt av

Jølster Musikklag og dirigent Arvid Anthun tok heilt av i Grieghallen, og landa på ein sterk delt sjuandeplass. Dette engasjerte bildet knipsa Erling.

Mange meinte at nyopprykka Jølster Musikklag sin prestasjon i Grieghallen var historisk bra. Til NRK Sogn og Fjordane sa ein av dommarane; Jan Roger Øren frå Årdal følgjande:
- Dette er rett og slett historisk bra. Du kan samanlikne det med eit fotballag: Dei har rykka direkte opp frå tredje til førstedivisjon, og første året dei er med der så etablerer dei seg skikkeleg. Slik skjer nesten aldri, seier dommar i nm i brassband, Jan Roger Øren.
Han seier den delte sjuandeplassen Jølster Brass Band klarte i sitt første år i førstedivisjon er ein unik prestasjon.
- For det første spelar dei krevjande stykke, og dei gjennomfører dei veldig bra. Dei spelar med energi og overskot, og det er det ikkje alle som får til når musikken er så krevjande. Eg er rett og slett imponert.
I den sjølvvalde delen av repertoaret spelte dei stykket ”Pagentry” og Øren meiner dette stykket fekk fram det beste i korpset.
- Dei har openbart fått inn unge og dyktige musikarar i korpset, samtidig som dei held på tradisjonane. Folk som veteranen Rognald Øvrebø er framleis med og det er utruleg kjekt å sjå. Og i dette stykket fekk enkeltmusikarane verkeleg køyrt seg.
- No er dei definitivt inne blant dei 15-20 beste brassbanda i landet, og det tek eg av meg hatten for. Dirigent Arvid Anthun har gjort ein formidabel jobb dei siste åra, legg Øren til.
Torskangerpoll Musikklag gratulerer.

Sjekk Jølster Musikklag si heimeside.