Flott konsert i kyrkja

Både Torskangerpoll musikklag og Holvik skulekorps deltok på kyrkjekonsertveka i Sør Vågsøy kyrkje i slutten av mars.
Det var to fine konsertar der musikantar frå vestre krets gjorde ein flott figur og fekk mykje skryt.

Torskangerpoll Musikklag: Foto: Veeraya Bochoun

Holvik skulekorps. Foto: Lisbeth Våge


Dette stod før konserten

Skal spele konsert i Sør-Vågsøy kyrkje

Søndag 26. mars klokka 17.00 bør du ta turen til Sør-Vågsøy-kyrkje i Måløy.


Då skal Torskangerpoll Musikklag halde konsert saman med Ytre Nordfjord Brass.
Kyrkjekonserten er ein del av ei konsertveke som kyrkja i Vågsøy arrangerer. Den er gjort etter initiativ av kantor i Vågsøy, Alice Teunis.
Dirigenten til Torskangerpoll Musikklag, Lisbeth Våge, lovar eit spennande program i kyrkja denne tidlege vårdagen i mars.

- Det blir melodiar for dei fleste av eit korps som er i god form, seier Våge.