Laga stemning i Måløy og Volda

Torskangerpoll Musikklag fekk mykje skryt for konsertane i kyrkjene i Måløy fredag 20. april og i Volda dagen etter. Sjølv om det kunne vore fleire publikummarar begge plassane, så fekk dei som møtte opp ei fin oppleving. Organist i Vågsøy, Hans-Joachim Schüttke, var også med på konsertane. (Alle foto: Hans Ole Færestrand (Stormfotografen))

Dette skreiv Fjordenes Tidende 23. april:

Viste nye sider
– Denne konserten trur eg var ei fantastisk oppleving for både oss og publikum, seier dirigent i Torskangerpoll musikklag Lisbeth Helen Våge etter konserten i Sør-Vågsøy kirke fredag.
– Eg fekk så mange gode tilbakemeldingar etter konserten at det var heilt overveldande, seier Våge, som fortel at dette var ein annleis konsert enn dei pleier å halde.
– Vi har alltid hatt lyst til å lage til eit konsertopplegg med eit heilt kyrkjeprogram, men det har aldri bydd seg ei anledning. Men i#<\p>år valde vi å stå over norgesmeisterskapen, og det gjorde at vi endeleg fekk tid til å øve inn noko nytt, seier ein stolt dirigent.
Ho fortel at sjølv om dei kunne ønskt seg litt fleire i publikum er det lenge sidan dei har hatt ei konsertoppleving av denne dimensjonen.
– Det var ein oppleving vi ikkje har hatt så veldig mange av, og det er lenge sidan sist, seier ho.
Stemningsfull
Kyrkjekonserten vart både stemningsfull og høgtideleg, og publikum såg ut å setje stor pris på programmet korpset hadde sett saman. Musikklaget hadde også innført eit grep med å lese ein tekst før kvart nummer der dei fortalde litt om komponisten og stykket, og sette det inn ein samanheng for dei som høyrte på.
– Vi hadde lyst å sy i hop ein konsert der vi gav publikum knaggar å henge musikken på. Det er lettare å leve seg inn når ein kan plassere musikken, seier Lisbeth Våge.
– Så det var verkeleg ein annleis konsert enn de har hatt før?
– Mange i publikum sa det til oss etterpå, og påpeikte at det var spesielt flott å kunne få følgje med i konserten og vite litt om stykka. Og eg må skryte masse av musikantane. Dei var toppkonsentrerte og gjorde ein kjempejobb, seier Våge.
Solistar
Konserten hadde også mange flotte solistar, deriblant song Terje Våge på Hello Dolly. Nokre gongar nynna korpsmusikantane med, under Rainforest frå Windows of the World laga kornettrekka fugle- og regnskoglydar medan Tove Nerland spelte solo. Andre gonger stod nokre av musikantane ute i kyrkjerommet, eller rundt resten av korpset, og spelte. Alt dette gav effekt og bidrog til at konserten fekk variasjon og spenning. Torskangerpoll musikklag hadde i tillegg med seg kyrkjemusikar Hans-Joachim Schüttke på orgel. Schüttke akkompagnerte også Lisbeth Våge i ein solo og var med på eit allsongopplegg med gospelmusikk.
– Gospelsekvensen falt i veldig god jord hos publikum. Vi stykka konserten litt opp og skapte variasjon, seier Våge.
– Hello Dolly er vel heller ikkje heilt vanleg kyrkjemusikk?
– Nei, vi braut nokre grenser, men vi hadde lyst å skape litt breidde. Og Hello Dolly har også ei historie å fortelje, seier Våge.
Konserten inneheldt også mellom anna ein marsj, Halleluja-koret frå Georg Friedrich Händels oratorium Messias, jazz- og swingprega Misty, ei fanfare, i tillegg til fleire salmar. Heile opplevinga vart avslutta med ei velsigning som vart lesen opp før eit lite stykke vart spilt.
– Denne heiter Irish Blessing og var meint som ein stille og forsiktig overrasking og kontrast til siste hovudnummer som var den store, flotte og mektige The Last Chord, seier Våge.
Passeleg lengd
Etter siste nummer hadde folk ikkje noko hastverk med å kome seg ut. Det tok dirigenten som eit godt teikn.
– Folk berre sat på benkeradene og såg ut som dei ikkje hadde lyst til at det skulle vere slutt sjølv om det hadde vart i ein og ein halv time. Då tenker eg at vi avslutta på topp i konserten, smiler Våge.
– De heldt same konsert laurdag i Volda. Er dette ein konsert de vil halde igjen her i vårt distrikt?
– Vi skulle gjerne gjort det igjen, men i denne runden har vi ikkje tid. Men vi håpar på å få til noko liknande ein annen gong, avsluttar Våge.

Sj artikkelen her

Sj glimt fr konserten

Dette skreiv Arne Gotteberg, opprinneleg frå Måløy, i Fjordemnes tidende 25. april etter konserten i Volda:

Stor takk til Torskangerpoll Musikklag
Det var for meg ei heilt spesiell musikalsk oppleving å høyre konserten «I horisonten» med Torskangerpoll Musikklag i Volda Kyrkje laurdag 21. april 2012.
Så stolt eg var sidan eg har mine røter i Sør-Vågsøy, at ein der heime med tilknyting til vesle Torskangerpoll, har fostra eit slikt framifrå musikklag som kom hit til Volda og leverte musikkprestasjonar av aller ypparste klasse. Både instrument, uniformer og heile programmet var blankpolert. Det kom ei kraftig bølgje av vakker musikk inn til oss frå vest.
Eg er korkje kapabel til å vere musikkmeldar eller til å drage fram særskilde musikalske prestasjonar, for det var så mange av dei. Men eg vil framheve heilskapen som slo an dei varaste og varmaste strengane i meg. Repertoaret, fullt av musikalske perler, var utsøkt samansett og dirigenten Lisbeth Helen Våge og organist Hans-Joacim Schüttke er store musikalske autoritetar. Heile tida viste programmet at ein der ute ved havet ikkje berre har horisonten og vakre solnedgangar å sjå inn i, men dei greidde å servere oss også ein flik av æva! Dette siste blei vakkert vinkla gjennom dei tekstane som på omtenksam måte var vove inn i programmet og som batt dei musikalske nummera saman.
Musikalsk ante vi iblant dei sterke band frå Vågsøy i mot vest, mot britisk tradisjon.
Dirigenten Lisbeth Helen Våge sa at ho hadde fått musikkutdanning i Volda og ein gong hadde vore med på ei stor koroppsetjing i den vakre og fullsette kyrkja vår. Dette har ho aldri kunne gløyme. Musikklaget og ho hadde difor gledd seg så til å komme attende hit og oppleve på nytt kyrkjerommet og noko av stemninga frå den gongen. Det hadde vore ekstra hyggjeleg, syns eg, om fleire hadde funne vegen til konserten og Volda ennå betre kunne kvittere for prestasjonane og dei forventningane som gjestene hadde med seg. Litt dårleg frammøte kan, etter mi vurdering, skuldast eit noko uvanleg konserttidspunkt.
Men kyrkja vår var den same vakre, og gav rom for at Torskangerpoll Musikklag sine prestasjonar fylte oss som var der på ein slik måte at vi blei løfta ut av kvardagen, inn i horisontane og opp og fram i liva våre.
Ei varm takk!


Dette var før konserten:

I horisonten

Kyrkjekonsertar med Torskangerpoll Musikklag.

Fredag 20. april klokka 19.00 blir det konsert med Torskangerpoll Musikklag i Sør Vågsøy kyrkje og laurdag 21. april klokka 17.00 i Volda Kyrkje. Konserten "I horisonten" kan bli ei fin oppleving.

Her kan du laste ned plakaten for konserten i Måløy

Her kan du laste ned plakaten for konserten i Volda