Har fått tildelt meisterskap

Torskangerpoll Musikklag har fått ja på søknad om å få arrangere Sogn og Fjordane Meisterskapen for amatørkorps i 2008 som skal vere laurdag 15. november.

I tilfelle Torskangerpoll bestemmer seg for å arrangere meisterskapen, så blir den i Samfunnshallen.

- Vi får ta ei runde før vi bestemmer oss, seier leiar Johan Wåge. Vi har arrangert slikt meisterskap to gonger tidlegare, og har fått mykje skryt for gjennomføringa begge gongane.

Les meir om søknaden.......