Endå en veteran er borte
Slik minnast Ane Barmen Audun "Stranden" Færestrand som døydde 17. november:


"Det var ein tysdag i 1998 eg møtte Stranden for fyrste gong. Eg skulle endeleg få lov til å prøve meg i Torskangerpoll Musikklag – populært kalla laja. Eg var eigentleg altfor ung, aldersgrensa var 16 år, og eg var 13, men hornrekka var tynn og trong fleire. Så fekk eg lov til å kome på ei tysdagsøving ute i gamleskulen i Gravdal.
Eg var var den absolutt yngste der, vitskremd for å gjere feil og ikkje vere god nok, og ikkje kjende eg så mange der heller.
Eg blei plassert på hornrekka mellom ho Tove og han Stranden. Vi var ein fin bukett: Tove i tredveåra, eg på tretten og Stranden på sytti. Den eldste og den yngste var sidekameratar. Sånn var det i laja: folk i alle aldersgrupper med same hobby møttast og var saman, spelte, blei vener.
Stranden sa ikkje så mykje. Men på fyrste øvinga fekk eg spele solo på ”Bohemian Rhapsody”, og i pausa sa han til meg: ”Ja, da va no fint, ditta der!” Eg pusta letta ut. Det kom kanskje til å gå greitt, dette.
Eg blei verande i laja. Medan andre tenåringar var ute på fest og drakk og klina i helgane var eg på øvingshelger og turar med Torskangerpoll. Venninnene mine gjekk på diskotek i Måløy og dansa til Spice Girls. Eg sat heime hos korpskompisar frå fjorten til sytti og song sjølvdikta songar saman med Stranden og dei hine.
Ein kan vel trygt slå fast at eg definitivt ikkje var den kulaste tenåringen i byn. Men det fekk våge seg. Eg hadde jo laja.
Stranden var som sagt ikkje ein mann av mange ord. Men dei han kom med kunne fort vere legendariske. Ein gong på øving då vi skulle stemme korpset fekk han beskjed om å dra ut eine ventilen litt. Stranden blei i stuss. Dra ut? ”Ka vai?” spurde han forvirra, og skapte utan å meine det eit ordtak i musikklaget som framleis er i bruk i dag.
Han tok aldri rampelyset, Stranden. Han kom på øving og spelte horn, var med på turar og basarar og 17. mai, lun, smilande, trufast. Sjenert, venleg, kanskje einsam. Eg veit ikkje. Det slår meg no at eg vel eigentleg ikkje kjende Stranden så godt – ikkje på ein sånn måte at eg visste korleis han tenkte, korleis han hadde det.
Men eg kjende han godt nok til å vite at han var ein fin fyr. Ein som alltid spurde meg korleis det gjekk ”der inni Gløppa” då eg flytte heimanfrå for å gå på vidaregåande på Sandane. Ein som var ein stødig sidekamerat på hornrekka. Ein god korpskompis.
No er han borte. Vi kjem til å sakne deg, Stranden. Takk for alle gode stunder."
Audun Færestrand er ein av dei som har spelt lengst i Torskangerpoll Musikklag. Han var fødd 17. mai i 1927. Han døydde 88 år gamal heime på Myrestrand.
Vi lyser fred over Audun sitt minne. Det er mange som vil sakne deg.