Mange gratulasjonar
Det vart ei triveleg samling tirsdagen etter NM. Torskangerpoll Musikklag har fått mange gratulasjonar og ros etter prestasjonen i Bergen.

Det vart ei triveleg samling tirsdagen etter NM. Torskangerpoll Musikklag har fått mange gratulasjonar og ros etter prestasjonen i Bergen.
Ikkje minst har den nye gjesteboka vore flittig i bruk. Fleire titals kommentarar i løpet av det første døgnet vitnar om stort engasjement.
Ekstra stas var det at ordførar Roger B. Silden har vore innom gjesteboka med ei helsing.
På øvinga kom det flotte blomar frå våre korpsvener i Kjølsdalen Musikklag som gratulerte oss med prestasjonen.
Kjølsdølene gjorde ein flott figur, og stilte mannsterke opp då vi spelte så tidleg som klokka 09.00 laurdag morgon.
Vi var og mannsterke og var imponerte av Kjølsdalen si framføring i ein divisjon over oss.
I tillegg fekk vi ei stor krukke med godteri og gratulasjonar frå Måløy Musikklag