Nok ein knallsuksess

Vi klarte det igjen. Nyttårskonserten i Samfunnshallen lørdag 15. januar vart ein ny knallsuksess. Den to timar lange førestillinga gjekk rett heim blant dei 200 i salen. Og vi fekk ståande trampeklapp etter at vi hadde avslutta med Pomp og Prakt. Publikum likte mikset mellom spøk og alvor, og variasjonen i den musikalske menyen. Vi har all grunn til å vere fornøgde med oss sjølve. Alt overskotet frå konserten blir sendt til Røde Kors som vil bruke pengane til hjelpe ofra etter naturkatastrofen i Sør-Aust-Asia. Etter konserten var det mange som skrytte uhemma av det dei fekk servert. Dette var moro. Her har vi nokre små glimt frå konserten.
Lørdag 22. januar skal Torskangerpoll Musikklag i elden igjen og delta på konsert i Samfunnshallen der inntektene går til å hjelpe offera etter naturkatastrofen.

Her er glimt frå konserten.

Lystige fruer i lystig sang Nyttårskonsert med violiner i wienrvals
Då må det sjølvsagt vere dansarar med Stødige kornettar
Det skal bli bra på Kulatoppen, berre vi får mat... Realitetsdamene Lina og Ane
Innvikla famileforhold, sang Asbjørn om Og Terje heidra Johan Kvistad
Presisjon er viktig Og Terje leia det heile på ein glimrande måte.


 

Dette var førehandsreklamen:

Klart for Nyttårskonsert med masse god musikk og humor

 

Lørdag 15. januar 2005 er det igjen klart for nyttårskonsert med Torskangerpoll Musikklag i Samfunnshallen klokka 17.00.

Det blir masse flott musikk, sang, sketsjar og ablegøyer. Dette bør du få med deg.

Nyttårskonsert
Lørdag 15. januar
Kl. 17.00
i Samfunnshallen med
Torskangerpoll Musikklag
pluss masse med humor og sprøe innslag

Arrangør: Torskangerpoll Musikklag

Pris: 100 / 50.-


Bli med på årsfest

Lørdag 15. januar
etter nyttårskonserten.

Pris: 200,-

På Vågsberget
Påmelding til
Evy Loen, Holvik: 90510910 - 57850817
eller hos Oldeide Matsenter
Påmeldingsfrist: 4. januar 2005
Få med deg vener og meld deg på.