Dette korpsbildet vart teke like før konserten.

Glimt frå konserten  

John Inge og Lina som solistar.

Dette skreiv Fjordenes Tidende etter nyttårskonserten i Samfunnshallen lørdag 7. januar 2006:

Eit fyrverkeri av ein nyttårskonsert

Ein fullsett Samfunnshall fekk oppleve eit fyrverkeri av ein konsert laurdag ettermiddag. Torskangerpoll Musikklag fann tonen til nok eit godt nytt musikalsk år.

Nyttårskonserten til Torskangerpoll Musikklag vart både gripande og festleg på ein gong. Spennvidda viste seg raskt å vere svært stor frå milde og vare ballader til dei nesten eksplosive marsjane. Innimellom var det også sett av tid og plass til skjemt og alvor i ord og handlingar. Ikkje minst gav gjestedirigent Idar Torskangerpoll mykje av seg sjølv gjennom sine historier.

Stor spennvidde
At publikum skulle få oppleve eit høgst variert repertoar fekk vi signal om heilt frå start. Korpset starta lågmælt med «lokk frå den grøne øya» før dei tok eit musikalsk krumsping over til massive «Dovregubbens hall».
Mange solistar måtte fram på podiet og John Inge Våge framførte ein fantastisk versjon av voggevisa «Suril Suril» med sin kornett. Applausen ville ingen ende ta, endå det var tidleg i programmet. Rett etterpå var det 16 år gamle Anders Færestrand sin tur å imponere. Presist og sikkert ga han melodien «Cute» ein ny og uvant innpakning med sin trommesolo.
Solistane Lina Wåge og John Inge Våge fekk like stor utfordring i melodien «De to trompeter» som for øvrig vart spelt på kornettar.
Trass kompliserte notar og høge tonar presterte dei to å gjøgle fram låtten blant publikum med å stadig skifte haudeplagg heile melodien gjennom.

Heider til onkel
Dirigent Idar Torskangerpoll hadde sett av tid til å heidre onkelen Arne Torskangerpoll som vart tilskodar til konserten. Han har dirigert korpset i heile 50 år og fekk velfortent ære for innsatsen. Både nevø og onkel vart tydleg rørt etter at musikklaget hadde spelt «Enstonig ringer dem lille klokke» med Anette Torskangerpoll (kona til Idar) som solist på trombone. Arrengementet var ved Arne Torskangerpoll. Like etter braka det laust med den flotte marsjen «Exellentia» som Arne har brukt 40 år på å komponere ferdig. Ettersom korpset er blitt stadig større, har han lagt på fleire stemmer ettersom åra har gått. Denne framføringa vart absolutt eit av høgdepunkta, og dei var det mange av.

Smakebitar på konsert
Måløy Songlag har eksistert i 80 år og skal feire dette med ein jubileumskonsert 11. februar i år. Publikum fekk fire smakebitar som alle ga von om at nok ein storveges
konsert er like om hjørnet. Etter ein kort pause kom Torskangerpoll Musikklag på scena igjen med sine blankpolerte messingblåsarar. Igjen fekk publikum høyre mykje variert musikk frå Frelsesarme- songen «Shere my Yoke» med solist Terje Våge, via Erling Elton John Wåge til 10. regiments heftige marsj. Konserten vart avslutta med ein hyllest til Måløy sin venskapsby på Shetland med eit potpurri av britiske sjøviser før Florentiner
Marsj skulle sette puntum for den store musikalske januarkvelden. Men publikum ville ikkje gje slepp på musikantane uten ekstranummer – og det fekk dei.

 


Dette var omtalen før konserten:

Klart for Nyttårskonsert med masse god musikk

Lørdag 7. januar 2006 er det igjen klart for nyttårskonsert med Torskangerpoll Musikklag i Samfunnshallen klokka 17.00.

Lørdag 7. januar Kl. 17.00
i Samfunnshallen
med
Torskangerpoll Musikklag
med solister - Dirigent: Idar Torskangerpoll
Måløy Songlag
Dirigent: Rolv Jakob Vedvik
Billetter: 100 / 50.-


Bli med på årsfest

Lørdag 7. januar
etter nyttårskonserten
på Vågsberget
Påmelding til
Evy Loen, Holvik: 90510910 - 57850817
eller hos
Oldeide Matsenter
Påmeldingsfrist: 2. januar 2006
Få med deg vener og meld deg på