Dette skreiv Fjordenes Tidende etter konserten:

”Månemanen” imponerte

Alexander Pavelich song Månemann, og både han og Torskangerpoll Musikklag serverte nok ein flott og svingande nyttårskonsert.

Den unge eidaren var gjestesolist under Torskangerpoll Musikklag sin nyttårskonsert i Samfunnshallen sist helg. Og han imponerte både som songsolist og på slagverkinstrument.
Standal Pavelich song Vamp sin Månemann, og det svinga skikkeleg og han fekk trampeklapp. Sjarmerte gjorde også ni år gamle Tiffany Huston som var solist på ”Himmel på jord”.
Torskangepoll Musikklag sin dirigent, Lisbeth Helen Våge, hadde valt ein lett sjanger med svingande populærmusikk. Fleire av korpset sine medlemmer var soliastar, og det heile var krydra med litt humor og ein lett tone.
Det vart ein flott konsert der også Stormklang og Vedvik Brass også var med. Dei har sidan i fjor haust samarbeida all den tid dei har felles dirigent, Roar Ståle Vedvik.
Det let fint med korpset og koret, og dei fekk mykje applaus. Spesielt artig var siste stykket deira, ”Stakkars store sterke karar”. Der fekk vi høyre å sjå om livet til dei som forsvarar konge og fedreland. Ottar Refvik, Ottar Nygård, Ole Mathisen og Jarl Vedvik var solistar her.
Leiar i Torskangerpoll Musikklag, Johan Einar Wåge, seier dei er godt fornøgd med konserten.
- Vi har fått mykje skryt og positive tilbakemeldingar. Folk seier dei likte det dei fekk servert. Dette er ein fin måte å starte det nye året på, seier Wåge om den femte nyttårskonserten av dette slaget som er arrangert.
- Nesten alle stolane vi hadde sett fram var fulle. Vi hadde rundt 270 på konserten, seier Wåge.
Wåge seier at dei planlegg ny konsert neste år, og ser ikkje bort ifrå at dei inviterer med seg gjesteinnslag også då.

   
   
   
   
   
 
   

 


Dette var førehandsomtalen:

Klart for ny nyttårskonsert med Torskangerpoll Musikklag, Stormklang og Vedvik Brass

Lørdag 6. januar
Kl. 17.00

i Samfunnshallen
med
Torskangerpoll Musikklag
med solister - Dirigent: Lisbeth Helen Våge
Stromklang og Vedvik Brass
Dirigent: Roar Ståle Vedvik
Billetter: 100 / 50.-

Starter året med svingande nyttårskonsert

Torskangerpoll Musikklag, Stormklang og Vedvik Brass startar det nye året med ein svingande populærkonsert lørdag 6. januar.

Torskangerpoll Musikklag fører vidare tradisjonen med å starte eit nytt år med konsert i Samfunnshallen.
- Dette er femte gongen vi arrangerer nyttårskonsert. Vi føler dette er ein fin måte å feire eit nytt år på, seier leiar i Torskangerpoll Musikklag, Johan Einar Wåge.
I år er kret Stormklang frå Raudeberg med. Dei har eit musikalsk samarbeid med Vedvik Brass, som har medlemmer frå Nord-Vågsøy.
Dei har felles dirigent, Roar Ståle Vedvik, og desse skal ha eit opplegg i saman på nyttårskonserten.
- Vi har det fint saman, og trur at publikum vil like det vi serverer, seier Roar Ståle Vedvik.
I år er det Lisbeth Helen Våge som dirigerer Torskangerpoll Musikklag som arrangerer konerten.
Ho seier det blir ein variert konsert med populære slagarar, svingande melodiar og musikalske svisker.
Tidlegare i år vart Torskangerpoll Musikklag nummer 3 i fylkesmeisterskapen for korps. Dei som møter opp vil få høyre deler av programmet som vart framført under meisterskapen.
- Det blir solistar og mange fine prestasjonar av eit korps som er i god form. Vi har arbeidd med stoff til denne konserten i heile haust, og er no spent på om vi klarer å lokke folk ut av godstolen 3. nyttårsdag, seier Våge.

 

John Inge og Lina som solistar.