Sesongstart


Vi ynskjer alle velkomne til ny korpssesong.

Merk allereide no av datoane på siste sida VG så du ikkje går glipp av noko, eller at korpset går glipp av deg. Det kan bli litt hektisk framover mot drøm-konsert, og vi lyt ta eit lite krafttak dei tre fyrste vekene.

Det blir ryddedugnad både ute og inne i Torskangerpoll fredag fk. Vi håper alle har høve å delta, og utfordrer særleg dei som ikkje deltok på nokon av dei to dugnadane vi hadde i vår. Søndag 2. september blir det samling kl 18.00 for alle drøminvolverte der vi går gjennom det som skal skje utover i veka, og på sjølve konsertdagen.

Rolf Losnegård er klar med tekstane, Idar Torskangerpoll klar med notane, Oddgeir Bruaseth klar som opplesar, og vi bør vere klare med vårt.

Dette kan bli kjekt.

Johan W