Siste øving på Frelsesarmeen

Tysdag 6. juni var siste øvingsdag på Frelsesarmeen i Måløy.
Frelsesarmeen skal slutte å leige ut til øvingslokale, og har sagt opp kontrakta med Torskangerpoll Musikklag.
Her blir alt utstyr flytta ut, og sommarlagra i Gravdal skule. Når første øving, 22. august starta, så blir det i andre lokale, i første omgang i Parken Kulturhus på Raudeberg.
- Det er ikkje heilt klart kvar det blir fast endå. Det har vore fint å øve på Frelsesarmeen i Måløy og vi takkar dei for laget så langt, seier leiar Jogan Wåge.