Sjå reportasje om stormfestivalen i 2006

18 korps blir med på stormfestivalen
Planlegginga av haustens stormfestival 8., 9. og 10 septemberer i full gang. Mykje arbeid, men alt no ser det ut for at det kan bli eit flott arrangement, seier leiar i stormkomiteen, Johan Einar Wåge.
Raufoss Musikkorps er einaste korpset som har vore på alle fem festivalen. Dei kjem i år og på sin sjette festival.

Korpsa som er påmeldt er: Frei Hornmusikk, Florø Hornmusikk, Ørsta Hornmusikk, Leikanger Musikklag, Bispehaugen Ungdomskorps, Krohnengen Brass, Musikklaget Melshorn, Ellingsøy Hornmusikk og Fiskerstrand Musikkorps, Fana Musikklag, Seim Musikklag, Raufoss Musikkorps, Fræna Musikkorps, Ørskog Storblåsarsamband ØSS'N, Vik Musikklag, Averøy Ungdomskorps, Gloppen Janitsjar, Otta Musikklag og Bremanger Musikklag.

 

 

Stor interesse for”Stormfestival 2006”

Fredag 8. til søndag 10. september 2006

Det er god interesse for haustens stormfestival, 8., 9. og 10 september.
27 korps han kontakta oss og vurderer å melde seg på ”Stormfestival 2006”. Komiteane planlegg no for fullt for å få brikkene på plass, slik at vi kan sende ut ny info med påmeldingsfrist til korpsa på seinvinteren. Arrangemanget blir stort sett bygd på same lesten som tidlegare, med nokre justeringar.
Det fyrste som må gjerast av førebuing er å henge opp tørrsild, og det blir dugnad i løpet av februar. Silda må vere tørr og vere komen i frysa før det blir så mildt at ho skyt feittet.

Last ned endeleg påmeldingsbrysjyre her... Først til mølla......

Last ned den første stormbrosjyra her...

 

  • Har du lyst på eit nytt og spennande reisemål.

  • Gjer som over 2000 korpsmusikanta har gjort før.

  • Reis på verdas mest spesielle korpsfestival i vest.

  • Les om tidlegare festival
  • Dette er ein typisk
    ”komigangetterferienfestival”.
  • Festivalen varer i tre dagar, første helga i september.
  • Det skjer i Måløy i Sogn og Fjordane.
  • Dette er like mykje ein sosial, som ein musikalsk festival
  • Stafettar
  • Fisketurar
  • Fantastisk natur
  • Kostymeopptog
  • Havets festbord
  • Godt humør
  • Sprøe innslag
  • Sosiale arrangement
  • Konsertar
  Last ned stormpåmeldingsbrosjyre
Ny stormande korpsfestival


Fredag 8. til søndag 10. september 2006 møtes hundrevis av sprudlande korpsfolk i fjøresteinane ved Måløy til humørfylt og stormfull korpssamling.


Korps er langt meir enn stivpressa uniformer, Gammel Jegermarsj, 17. mai og korpskonkurransar. Det er eit av norges vestlegaste korps, Torskangerpoll Musikklag, eit bevis på.
Til hausten blir korps frå heile landet nvitert til det vesle og stormfulle fiskeværet, Torskangerpoll ved Måløy. Det blir kostymeopptog, fisketur, tørrsild og alle typar delikatesser frå havet, rorbufest, stormstafett, tyrollermusikk, stormdans, konsertar karoke - alt krydra med godt humør.
– Det er sjette gong stormfestivalen blir arrangert. Dette er ein «komigangetterferienfestival». Eit glimrande tilbod for korps som ynskjer ny måte å starte haustsesongen på. Her får korpsa ein litt uvanleg start etter ferien, seier leiar i Torskangerpoll Musikklag, Johan Wåge.
Her er det ikkje spelepress. Korps som berre vil kose seg kan det. Dei som vil spele konsertar kan det. Stormfestivalane har synt at det blant korpsfolk, florer med gjøglarar. Det finst dyktige songarar, skodespelarar og store idrettstalent. Under festivalen er det obligatorisk med gode kle og godt humør.
– Vi håpar sjølvsagt på storm ved Stadt. Skulle det bli sol frå skyfri himmel, blir festivalen likevel gjennomført, spøkar Kråkenes.
Dette er i høgste grad ein utradisjonell korpsfestival, der det sosiale er like viktig som det musikale. Og ikkje minst vil det for mange vere noko nytt og spennande å oppleve storm ved Stadt, og føle ramsalt sjølukt rive i nasen.
Du fin info om festivalen på www.torskangerpoll.no.

Eg vil vite meir...

Les meir....