Strålande festivalhelg

Det vart ei flott stormfestivalhelg, helga 7. 8. og 9. juni 2013.

Dette skreiv Fjordenes Tidende etter festivalen

Sjå stormfotografen, Hans Ole Færestrand, sine foto frå stormfestivalen http://vimeo.com/68002628

Desse korpsa deltok på festivalen:

Ellingsøy Hornmusikk, Folkestad/Tonika Musikklag, Gossen Musikkorps, Heidal Musikkforening, Hemingen (Fløkoret), Kjølsdalen Musikklag, Måløy Musikklag , Nørvøy Ungdomskoprps, Otta Musikkforening, Raufoss Musikkorps / Skreiens Musikkforening, Valestrand Musikklag / Fotlandsvåg musikklag, Volda Hornmusikk, Ytre Nordfjord Brass, Ørsta Hornmusikk, Øystese Musikklag.

Desse har delteke på tidlegare festivalar


Dette stod før festivalen:

Bli med på ny stormfestival i 2013

7. 8. og 9. juni 2013 er det klart for ny stormfestival i Måløy med Torskangerpoll Musikklag som arrangør.

Planlegginga er i full gang, og vi kan love eit spennande program som passar for dei fleste vaksenkorps. Dette er ein litt uvanleg korpsfestival der det sosiale er like viktig som det musikalske.

Festivalen passar godt for vaksenkorps som likar godt humør og vil oppleve noko utanom det vanlege.

Her kan du melde deg på festivalen

eller kontakte «Stormfestival -2013» Asbjørn Våge, Vågsvåg - 6700 MÅLØY
eller send e-post til: avaage@online.no eller ring mobil: 45633338

Dette er stormfestivalen:

Fredag:
Stormande blikjentkveld, stormunderhaldning, nydeleg stormmat, stormkaraokebar, stormtrubadur, stormdans og mange kjekke stormkorpsfolk.

Lørdag:
Endå fleire kjekke stormkorpsfolk, stormfrukost, stormkostymeparade, stormkonsert ved Stad, rorbufest, stormsuppe, tørrsild, stormflatbrød, stormstafett, storminnslag, hardittkorpsnokolurtpålurinnslag, havets festbord, stormkonsert, stormkaraokebar, stormstemning og stormdans.

Søndag:
Berre smilande stormkorpsfolk, stormfrolunch med stormegg og stormkake, stormfrolunchunderhaldning, den store stormsamlinga før stormen stilnar av.

Alt dette får du for 1.090 krponer per deltakar.

Her kan du lese om festivalen i 2009

Her kan du lese om festivalen i 2006

Her kan du sjå foto frå 2009

Her er fleire foto frå 2009

Her kan du sjå foto frå 2006

Her kan du sjå fleire foto frå 2006

Her kan du sjå kva korps som har vore med tidlegare

Her kan du lese om tidlegare festivalar