Fekk applaus og skryt igjen for storband-svisker

Det stod populærmusikk og storband-svisker på menyen då Torskangerpoll Musikklag laga stor stemning i festivaltelteet i Stryn.

Vi var 28 musikantar pluss Isak og lydmann Arvid Kupen Sætren. Og vi fekk mykje skryt både av publikum og av arrangøren.

Dei var svært godt fornøgd med det vi serverte. Her er glimt frå konserten som vi holdt på den artige treskifestivalen. ( Foto: Johan Wåge, Arvid Sætren og Erling Wåge)

 


Dette skreiv vi før konserten i Stryn:

Skal halde storbandkonsert i Stryn

Laurdag 20. februar 2016 klokka 20.30 skal Torskangerpoll Musikklag og Isak Søraa underhalde på Treskifestivalkonsert i Stryn.

Det blir mykje musikk frå den vellukka nyttåårskonserten der storbandsvisker stod på programmet.

Her kan du lese det som stod før konserten.

Her kan du lese det Fjordenes Tidende skreiv om konserten

Program treskifestivalen:
1400 Parade
1430 opning ordførar
1440 Barneskirenn (påmelding seinast 1400)
1530 Lengderenn for vaksne (påmelding seinast 1400)
1600 Diverse konkurransar (staurbering)
1700 Trubadur & betasuppe
1800 Premieutdeling
1830 Quiz med Endre Bøe
1930 Saging kvalifisering
2030 Konsert Torskangerpoll Musikklag og Isak Søraa
2130 Finalar Saging
2200 Dans med Grand Prix

Les meir om treskifestivalen
Dette har Fjordingen skreve om festivalen